Denne type yoga er bygd på gamle tradisjonar, som handlar om å leda med hjarte i alt ein gjer. Ved å snu fokuset innover i oss sjølv blir me meir bevisst i vår eigen kropp, og vil vise godheit i våre tankar, ord og handlingar mot oss sjølv og andre. Me vil opne opp indre blokkeringer for ein fri flyt av energien. Gjennom desse rolege fine bevegelsane tonar me kroppen frå innsida, og oppnår bedre sirkulasjon, pust, energi, vitalitet og kreativitet. Me tillet kroppen å heale seg sjølv bedre og forstår at dens potensiale er so mykje større enn me trur. Ved å ta ansvar for oss sjølv kan me lære å takle utfordingar bedre, både på det fysiske og psykiske plan.
Yoga bringer kropp, sinn og sjel sammen.
I Anahata Yoga jobbar me med alle energilaga våre (Pancha koshas) gjennom ulike øvelsar som;
Asanas- dei fysiske øvelsane
Pranayama- pusteøvelsar
Yoga Nidra- yogasøvn (NLP i den moderne psykologien)
Chakras- våre energihjul i kroppen
Mantra synging
Meditasjon
Anahata Yoga legger fokus på øvelsar me kan ta med oss inn i kvardagen for ein bedre livskvalitet. Det er bedre å gjer litt her og der gjennom dagen, enn kun 1 time i ny og ne. Med nyskjerrigheit utforskar me potensialet vårt, og teinkjer kreativt i kvardagen for å utfordre oss sjølve.
Er du ny til yoga, eller ynskjer bedre forståelse for øvelsane og kva som passar best for deg, kan du ta ein privattime. Der går me i gjennom kroppshaldning og testar muskelgruppene for å finne evt. blokkeringar og kor ein skal fokusera øvelsane for å komme i balanse igjen.
Me opparbeider oss mykje ubalanse i kvardagen gjennom faste rutiner o.l, og det er nyttig å bli bevisst desse for å rette opp att balanse og forebygge skade.
Djup muskelmassasje og tøying for å rette opp ubalanser i kroppen. Ved å jobbe med spesifikke problemområde/ stresspunkt let me kroppen heale og justere seg raskere.
Vanlege problemområder:
*Hovudverk
*Spenningsverk frå stress
*Ubalanser i muskelgruppero
*Idrettsskader
*Prolaps
*Nakke, skuldrar og korsrygg
Typer behandling:
*MTT djupmuskelmassasje, tøying og triggerpunktbehandling
*Idrettsmassasje
*Klassisk massasje
*Personlig trening (privat yogatime)
Det er og muleg å sette opp pakker som inkluderer både massasje og privattimer, der du får kartlagt ubalanser og tilpassa øvelsar for å rette opp.